Aktivitet/oppleving
Nordfjord er ei naturperle av dimensjonar, og få stadar i verda kan ein oppleve ein så varierande og kontrastfyld natur med skikøyring på isbreen til surfing på bølgene ved dei kvite sandstrender ved kysten. I Stryn som ligg ved Jostedalsbreen, inst i Nordford kan du besøke Stryn Sommerskisenter, Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Skålatoppen, Lodalskåpa. Du finn også mange oppmerka turløyper og turopplegg med guide som passer for alle. 

Stryn er også et godt utgangspunkt for dagsturar til Geiranger, Åalesund, Selje Kloster, Stadlandet med surfemuligheter. 

Stryn sentrum har eit utstrakt servicetilbod i form av handel, restaurantnæring og idrettstilbod. Handelsnæringa er godt etablert, og held ein god standard på kvalitet og service. 

FESTIVALBYGDA STRYN
Treskifestivalen i februar
Irsk fest palmelaurdagen
Motorfestivalen første helga i juni
Midtsommer Rock i slutten av juni 
Skåla Opp i midten av august
Oktoberfesten i midten av september
Strynemessa i byrjinga av oktober

VINTER- OG PÅSKEFERIE I STRYN
Berre 2 km. frå sentrum ligg Stryn Vinterski www.strynskisenter.no med fleire løypetrasear, frå nybegynner til aktiv.

Skitrekket kan ta deg frå 325 m - 1000 m over havet. Fantastisk utsikt over Nordfjorden frå toppen av Steindalsheisen.

Her er også innfallsporten til turløypenettet på Ullsheim- NM arena-1996 og 2008, og junior VM i nordiske greiner i 2004. Svært fint turterreng med 40 km. preparerte tur og konkurranseløyper. Lysløpe på på kveldstid.

MOTEMETROPOLEN STRYN
Stryn er kjend som ein motemetropol der Skogstad Sport, Ricco Vero, Moods of Norway og Farmhouse har sitt utspring. 
Stryn og nærområdet rundt har eit svært variert tilbod av aktivitetar.

Her er nokre av dei aktivitetane Stryn kan by på:

Stryn stadion med 700 kvadratmeter stor skatepark og BMX-bane for cross-syklar

Idrettshallen med klatrvegg og buldrehole

Stryn sentralsymjehall med vannsklie og stupetårn

Riding

Flo Aktiv: Aktivitetsveke for barn i slutten av juni kvart år 
www.floaktiv.no

Strynefjellet sommerskisenter
www.strynsommerski.com

Stryn Skisenter
www.strynvinterski.no

Briksdalsbreen i Olden 
www.briksdalsbre.no

Kjenndalsbreen i Loen 
www.kjenndalen.no

Laksefiske i Stryneelva - fiskekort reserveres hos InterSport og Sport1

Hoven Loen
www.loenskylift.no 

Via Ferrata Loen
www.loenactive.no